Sødahlhuset
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Fjelldronning fra Avdem Gardsysteri 250 g

140,-
Antall:
** Ikke på lager

Fjelldronning

Vellagra smaksvinnar.

Vår kittmogna lagra kvitost, ysta av rå (upasteurisert) kumjølk, er rik på smak og aroma. Smaken utviklar seg gjennom fleire månader på lager, der vi vaskar og steller osten med stor omsorg.

Fjelldronning blir normalt lagra i fire månader. 

Vi assosierer namnet Fjelldronning med budeiene som gjennom sitt virke, var dronning i sitt rike. Fjelldronning er ein heiderstittel som vi tileignar dei, som har gitt oss kunnskap og inspirasjon.

Kittostproduksjon i småskala er krevjande. Kvar einaste ost blir snudd og vaska med saltvatn, kvar dag til å begynne med. Etter 14 dagar blir osten vaska kvar 3. dag med saltvatn. Ostevasken er eit viktig og heilt nødvendig arbeid både for å få raudkitten til å vekse fram, og for å halde borte uønska muggdanning.

Trykk ENTER for å søke