Steinmalt kveitemjøl vert i hovudsak nytta til bakverk. Grovbrød og grove rundstykke vert luftige og smakfulle ved å nytte ein høvesvis stor del av dette kveitemjølet i deigen.
Produktbeskriving;
Kveitemjølet får ein lys, brun farge og malinga på store steinkverner gjer det mogleg å stille fiberfraksjonen til 1-2 mm. Det sammalte mjølet ser likevel relativt finmalt ut.
Produktkvalitet;
Volda El. Mylne kjøper matkveite frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. All kveiten vi nyttar er økologisk dyrka. Økologisk kveite som blir malen på gamlemåten (store steinkverner) har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.
Varedeklarasjon;
Steinmalt kveitemjøl, Volda El. Mylne
Vassinnhald: 12,2%
Energi: 1190 kJ
Protein N*6,25: 12,3 %
Feitt: 1,7 %
Karbohydrat: 59,1 %
Kostfiber AOAC: 11,5 %
Sucrose: 0,76 g/100 g
Aske: 1,5 %